Det blei ikkje noko av onsdagens kvalikkamp til NM mellom Volda og Stryn.

Grunna dårlege baneforhold på Volda Stadion såg ein seg nøydde å utsetje kampen. Dette melder haugenfotball.no.

Laga skal ha vore enige om at kampen kunne spelast i Stryn same kveld, men dette skal ikkje Norges Fotballforbund ha gått med på, skriv haugenfotball.no. Kampen blir no mest truleg spela fyrstkomande laurdag eller søndag.