Det var i fjor sommar, i samband med høyringa av reguleringsplanen for Løvland, at det kom inn klage frå Ellev Tomasgård, eigaren av hyttetomta Lisjetunet. Lisjetunet ligg i ytterkant av det planlagde bustadfeltet og Tomasgård meiner planen er i strid med avtalen han gjorde med tomteseljaren og dåverande grunneigar, Knut Heggen.

I skjøtet frå 1975 står det: «I tilfelle det skulle verta aktuelt med andre hyttebustadeiningar i området, og nærare enn 75 meter frå Lisjetunet, skal grunneigar av Løvland til det ha samtykke frå eigaren av Lisjetunet». Tomasgård meiner planen bryt med 75-metersgrensa.

Det er i dag Inge Heggen som er grunneigar og som har selt Hornindal kommune naboarealet til bustadføremål.

– Kommunen har stor fridom

I den pågåande tvisten har mellom anna har tolkinga av ordet «hyttebustadeiningar» stått sentralt. Kommunen meiner ordet avgrensar avtalen til kun å gjelde hytteutbygging, medan Tomasgård hevdar det her er gjort ein skrivefeil av sorenskrivaren, og det rette skulle vere «hytte- og bustadeiningar».

Tomasgård klaga med bakgrunn i dette på reguleringsplanvedtaket, men då denne vart handsama av kommunestyret i februar i år gjekk ein samrøystes inn for å avvise klagen. I tråd med Plan- og bygningslova vart klagen og kommunestyrevedtaket sendt Fylkesmannen for deira vurdering. No viser altså denne at Hornindal får full støtte i saka.

– Det er kommunestyret som er ansvarlege for å avgjere kva areal som skal inngå i ein reguleringsplan, og kva desse areala skal nyttast til. Kommunen har generelt stor fridom til å vurdere arealbruken, og det skal mykje til for at vurderingane frå kommunen vert overprøvde i plansaker som ikkje utløyser motsegn eller er fagleg uforsvarlege, skriv mellom anna fylkesmannen i sitt svar.

Det vert vidare peika på kommunen sitt forhold til privatrettslege avtalar.

– Ved fastsetjing av den framtidige arealbruken er kommunen ikkje bunden av privatrettslege avtalar eller eksisterande tiltak i området. Kommunen har ikkje plikt til å medverke til gjennomføring av private avtalar, og har heller ikkje heimel til å gje føresegner om privatrettslege forhold.

Vedtaket kan ikkje påklagast.