Politiet har fått melding om utanlandske personar som reiser rundt og sel bilete i Stryn omegn.

- Dette er folk med uærlege hensikter. Difor vert folk i Stryn og Hornindal åtvara og bedne om å kontakte politiet dersom dei skulle få slike besøk. Det har vore tilfelle der personar har gått rett inn i folk sine husvære, og torsdag vart folk fråstolne pengar, opplyser politiet.