Ordførar i Hornindal og leiar av Fellesnemnda for nye Volda kommune, Stig Olav Lødemel, er ikkje overraska over fylkesmannen si tilråding om å legge Bjørke og Viddal under Volda kommune.

- Ikkje når eg høyrer kva dei har vektlagt. Dei ser det som større demokratisk problem at innbyggjarane leverer stemmene til Ørsta kommune men tek imot tenestene frå Volda, enn å ta omsyn til at det er eit lite fleirtal som ville vere i Ørsta, seier han.

Lødemel meiner også vurderingane som er gjort i høve dei geografiske forholda, med manglande rutetilbod på Hjørundfjorden, og at ein må gjennom Volda sentrum for å kome til kommunesenteret i Ørsta, er fornuftig blir teke omsyn til.

Ingen tankar om det økonomiske

Leiaren av Fellesnemnda trur at det er til det beste for både innbyggjarane og kommunen at dei blir likestilt med dei andre innbyggjarane i Volda, og ikkje berre får tenestene der ifrå.

- Innbyggjarane får også røysterett og høve til å påverke i den kommunen dei nytter kommunale tenester i. Det trur eg er ein fordel for alle partar.

-Kva med det økonomiske?

- Det er sikkert økonomi i det, men det er ikkje noko eg har tenkt mykje på. Det er klare reglar for korleis det skal gjerast. Men det er eit faktum at det ligg ein kraftstasjon der, seier Lødemel.

-Og så må vi ha med oss at dette ikkje er endeleg. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som bestemmer til sjuande og sist. Men i dette tilfellet trur eg nok det er stor sjanse for at dei følgjer tilrådinga, av same årsak som fylkesmannen.

Han skal møte KMD i samband med endeleg avgjerd, og dette vil truleg skje ganske snart - og i alle fall i god tid før sommaren.