Tryggingsnett

Harald Ekroll er oppteken av at dei svakaste ikkje klarer å forstå takstdokument og klagegang for eigedomsskatten. Det burde vere eit tryggingsnett som fangar opp personar med behov for hjelp til å tolke takstdokument.

– Eg set også spørsmålsteikn med korleis saka stiller seg i forhold til minstepensjonistar som får kraftig auke i eigedomsskatten. Sjølv om husa er nedbetalte må dei haldast ved like. Han meiner eigedomsskatten kanskje skulle bli sett etter evne slik vanleg skatt vert utlikna, seier Ekroll.

Mange stiller seg undrande til korleis takseringa vart gjennomført.

– Dei reiser rundt og ser hus utanfrå. Dei ser ikkje det som er verkelege forhold med eigedomen, seier Ekroll, som meiner takstfolka har unikt høve til å drive informasjon samstundes som takseringa vert gjennomført. Kommunen kunne vore aktive med informasjon i forkant, gje eit tidsrom for takseringa, gje folk høve til å stille spørsmål og gje svar på uklåre moment.

– Det var ei som fortalde at lysthus vart taksert til to etasjar, noko ho ikkje forstår, fortel Harald Ekroll.

Raude soner

– Så er det raudsonelista, seier Ekroll og forklarar korleis dette kan slå negativt ut for huseigarar der det er rasfare og begrensningar på utbygging eller frådeling.

– Verdien av husa vert mindre. Eldre får ikkje seld hus og får derfor ikkje råd til å finansiere ei leilegheit om dei ynskjer å flytte, seier Ekroll. Han meiner dette bør takast omsyn til når takstane skal setjast, sidan rødsonelista set sterke avgrensingar. Ikkje veit ein kva som er planlagt i høve utbetringar i desse rødsonene heller.

Ekroll er samd i at informasjonen frå Stryn kommune er god for dei som beveger seg inn på nettsidene.

– Av eldre er eit fåtal på nett og forstår å bruke det, seier han og håpar kommuneleiarar forstår dette.