Skiskyttaren Jarle Midthjell Gjørven (25) har bestemt seg for å legge opp.

– Eg bestemte meg i jula at dette vart siste sesong. Tungt og trist i grunn sidan skiskyting har vore ein stor del av kvardagen frå 14-15-årsalderen, seier Midthjell Gjørven, som no flyttar til Hammerfest der sambuaren er ifrå. No ventar jobb i ein sportsbutikk.

– Eg skulle gjerne gått eit år til, men eg trur dette er det rette. Du må få med at eg er evig takknemleg for alt dei lokale, både privat og bedrifter, har bidrege med.

Han held likevel døra på gløtt for deltaking i fleire konkurransar:

- Du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg er på start ein eller annan plass om det passar seg.

Midthjell Gjørven var med på Sogn og Fjordane sitt stafettlag som tok gull i Mo i Rana i 2017. Han har også ein bronsemedalje frå junior-VM.