Stryn fotball sitt 3. divisjonslag for damer møter Sandane i sesongpremieren fredag kveld.

Første serierunde står for tur for Halvard Bøe sitt mannskap. Stryn, som vart nummer fire førre sesong etter ei sterk avslutning, stiller som knappe favorittar når naboen frå Sandane står på motsett banehalvdel på Stryn stadion.

Ser fram til å kome i gang

Stryn har spelt fleire treningskampar i løpet av vinteren, og laget har også vore med i vinterserien for junior opplyser Halvard Bøe, som gler seg til at sesongen kjem i gang for alvor.

3. divisjon i år består av til saman 11 lag: Stryn, Studentspretten, Jotun, Førde, Høyang, Kaupanger 2, Sandane, Sogndal, Vik, Balestrand og Tornado Måløy.

Bøe trur at Kaupanger 2, Førde, Sogndal og Studentspretten vil vere i toppen denne sesongen.

– Vi har sett som mål å kome blant dei fire beste på tabellen, og å spele jamt med dei beste laga, seier Bøe.

To kampar er allereie spelt i 3. divisjon for damer: Tornado Måløy-Studentspretten 0–4 og Jotun-Balestrand 2–1.