Filmen vart vist til saman sju gongar i Stryn kulturhus. Nær tusen løyste billett for å få med seg den lågmælte dokumentaren om Bjarne Sunde frå Oldedalen. Ein mann på kring 70 år som likar seg best heime på garden, men som stadig blir utfordra til nye oppdagingar av naboen, venninna og filmskaparen Weronika Nitsch.

– Tal besøkjande var totalt 920. Eg fekk vite at det var den mest sette filmen i Stryn dette året, fortel Nitsch.

Filmfestivalar

Ho gler seg stort over den gode mottakinga, og fortel at filmen er teken ut til konkurranseprogrammet til Kortfilmfestivalen i Grimstad 13.–17. juni og til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda i slutten av månaden.

– Vi ventar i spenning på tilbakemelding frå fleire festivalar - både i Norge og i utlandet. Filmen blir også vist i Innvik siste søndagen i april, og eg håpar at mange vil ta turen på kino der, seier Nitsch.

– Korleis tek Bjarne alt oppstusset, undrar vi?

– Bjarne gjer alt med eit smil og det er stor glede å sjå han blant publikum. Han har god kontakt med dei, og han blir jo vant etter kvart til dei raude løparane. Vi får også eit ekstra høve til å treffast når vi skal på festivaler, og det er jo alltid stor glede, seier Nitsch, som ikkje lenger bur i Oldedalen men studerer i Sogndal.

Håpar selge filmen til TV

Sjølv om filmskaparen og hovudpersonen sjølv opplever mykje positiv merksemd, og blir teken godt imot, er prosjektet langt frå noko gullgruve.

– Vi vil gjerne selge filmen til Nrk eller TV2. Det å sende filmen til festivalar betyr berre utgifter, men det er jo ei ære å bli teken ut til konkurranseprogrammet. Det er mange veldig gode dokumentarar som skapast kvart år. Ein tener ikkje mykje på einskilde kinovisningar. Det er mange kostnader som må dekkast. Filmbransjen er ganske tøff, men vi står på og gler oss til å vise filmen til folk flest, seier Nitsch.