For eit år sidan vart dei første husværa i topp-etasjen av Coop-bygget tekne i bruk. Då lova ordførar Sven Flo, som overrekte eit biljardbord frå kommunen, at han gjerne tok utfordringa om å stille opp i ei stor turnering.– Året har gått, og for ei stund sidan kom invitasjonen, fortalde Sven Flo til Fjordingen.

– Dette har eg sett fram til, og då eg såg at dei hadde laga plakatar, sett opp eit «Sven-lag», det var laga allsong, det var kaffi og kaker og pizza, skjøna eg at dei tilsette hadde gjort, og gjer, ein fin innsats for at bebuarane skal trivast.

Høgtideleg innmarsj høyrer til i ei stor turnering. Med Geir Lønne som «faneberar», ordførar og tilsette med langt haleheng av bebuarane, slik sette dei standarden. Øystein Flo ønskte velkomen, «Setrevegen 4-songen» laga av Jan Gudmund Skrivervik vart sungen med stor innleving, og så var dei i gong. To lag med fire på kvart lag spelte mot kvarandre. Vinnarlaget utfordra deretter «Team Sven».

– Reglane er enkle, forklarte Kristine Lalid. Den kvite kula opnar, men deretter er det ikkje nøye med. Den som får siste kula ned i holet, har vunne. Sjølvsagt vart det spennande kva for eit lag som skulle spele mot «Team Sven». Spenninga bølgja fram og tilbake, og jubelen stod i taket same kven som fekk kule i holet. «Ordførarlaget» gjekk til slutt av med sigeren.

Premiar til alle

Kristine Lalid fortalde at då dei besøkte butikkar og politiet, opplevde dei slik gjevarglede til tiltaket at «vi måtte gå fleire vender tilbake til bilane», som ho sa.

– Så det vil eg få takke for!

Vi forstod at denne turneringa ikkje er eineståande. Det er høgt aktivitetsnivå mellom dei 12 bebuarane. Dei arrangerer bingokveldar, allsongsamlingar, dei spelar spel og sjølvsagt har dei felles måltid. Middagsmaten får dei frå Stryn Omsorgsenter, fekk vi vite. Dei har diskodans måndagane og dei arrangerer kafékveldar på Telegrafen.

– På denne måten blir det ein samansveisa gjeng som har det kjekt i lag, sa Kristine Lalid.

Nøgde med huset

Lalid sa på vegner av dei tilsette og bebuarane at husværa har god standard.

– Men det er litt mykje klang i dei to fellesromma. Det er slitsamt for alle når vi har aktivitet, meinte ho.

Heidi Fjellvang imponerte med prima «kø-føring». Foto: Leif Vinsrygg
Geir Lønne er ein av bebuarane i Coop-bygget. Ordføraren var lagleiar for «Team Sven». Foto: Leif Vinsrygg