Fjordingen for 10 år sidan:NK-Cupen i handball for 10-16-åringar berre veks og veks. I helga var 68 lag i aksjon i aldersgruppa 10-12 år.

Det er i år 18. året at NK-Cup i handball vert arrangert i Stryn - eit kjempearrangement som er etterspurt i begge fylka på Nordvestlandet og langt nedover i Gudbrandsdalen. Til turneringa for dei eldste, har det til og med meldt seg eit lag i 14 årsklassen for hefrå Haslum i Asker, fortel handball-general Eli Kroken.

Ei helg med NK-Cup i Strynehallen visest også att i sentrumsgatene og i butikkane. Med fleire humdre spelarar på plass, er det ikkje usannsynleg at nær tusen menneske legg vegen til Stryn under denne cupen.

– Eg hugsar ein gong at vi hadde 17-18 lag, så dette har vakse mykje. I fjor delte vi opp turneringa i to for første gong og hadde 66 lag første helga. Dermed kan vi i år notere oss for rekord, fortel Kroken.