– Målet er å halvere matsvinnet i god tid før 2030, seier kommunikasjonsdirektør Mette Fossum i Rema 1000. Som første store kjede vil Rema selje enkelte kjøttprodukt som har passert best før-dato.

Nøkkelen er haldbarheitsindikatoren Keep-it. Den er festa på emballasjen og ser ut som eit termometer. Instrumentet måler temperatur over tid. Ein skala viser kor mange dagar vara er haldbar og ein markør som tel ned til null.

Datoskrekk

– Norske forbrukarar har datoskrekk. Mange vegrar seg for å kjøpe mat som nærmar seg best før-datoen. Haldbarheitsindikatoren viser den faktiske haldbarheita og kan derfor gi informasjon om at maten er heilt trygg å ete, sjølv etter at best før-datoen er passert, seier administrerande direktør Kristen A. Hovland i Keep-it Technologies.

Han understrekar at det er tillatt å selje mat sjølv om best før-datoen er passert. Utfordringa er å bevise at maten er trygg. Målet er at haldbarheitsindikatoren og halv pris når utløpsdatoen er passert, vil auke salet og redusere mengda mat som blir kasta.

Matkasteloven

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) er begeistra over prøveprosjektet.

– Når forbrukarane kan spare pengar på å ikkje kaste trygg mat, så tener alle på det. Ingen kjøper mat for å kaste den. Eit instrument som dette er ein enkel, billig og utmerkt måte å få ned matsvinnet på, seier Dale til NTB.

Dale skriv på ein matkastelov han eigentleg ikkje vil ha, men som stortingsfleirtalet har pålagt han å leggje fram. Men å skrive haldbarheitsindikatoren inn i loven er ikkje aktuelt, seier han.

– Ting som fungerer, treng me ikkje lovregulere, seier Dale.

Forbrukaransvar

Matkasteloven vil rette seg inn mot verdikjeda fram til varene hamnar i handleposane. Dale viser til at innhaldet i kvar åttande handlepose som folk tar med seg heim, hamnar i søpla. Industrien og butikkane står for 39 prosent av matsvinnet, medan forbrukarane står for 61 prosent.

– I kva grad er det eit politisk ansvar å bidra til redusert matsvinn?

– Først og fremst er det forbrukaranes ansvar. Eg trur alle kunne trengt ei streng bestemor. Og derfor er matkasteloven ikkje den einaste løysinga på utfordringane, seier Dale.

Klima og økonomi

35 ulike ferskvareprodukt er utstyrt med haldbarheitsindikator i hyllene til Rema. Indikatoren er også i bruk på Oslo universitetssjukehus og Kolonial.no. Keep-it har bidrege til å redusere svinnet av utvalde ferske kyllingprodukt med 25 prosent og fisk med 40 prosent. Forsøk med kjøttdeig viser mogleg reduksjon opp til 60 prosent.

– Det er lite som er verre enn å kaste mat, både etisk, klimamessing og økonomisk, seier konsernsjef Arne Kristian Kolberg i Nortura der er målet å kutte svinnet med 60 prosent innan 2030.

– Me har eit svinn i dag på om lag 1 prosent. Det er for mykje, men lite samanlikna med svinnet hjå forbrukarane. Me trur på haldbarheitsindikatoren som eit effektivt verktøy mot matsvinn der det blir kasta mest, seier Kolberg.

Fleire tiltak

Også andre aktørar i matbransjen har tatt grep for å redusere matsvinnet. Mjølk og egg blir no merka med «best før, men ikkje dårleg etter», fleire butikkar sel matvarer til reduserte prisar når det nærmar seg utløpsdato og «gårsdagens brød» og «omplassert frukt» er innført som nye omgrep hjå Meny.

Og nyleg sende Scandic hotella ut ei pressemelding der gjestene fekk beskjed om at dei vil bli belasta for maten dei ikkje et opp til frukost.

Fakta om Keep-it

* Keep-it er ei norsk oppfinning og det einaste verktøyet som gir kontinuerleg informasjon om faktisk haldbarheita på matvarer.

* Registrerer temperatur over tid og viser kor mange dagar til vara er haldbar.

* Tilpassa haldbarheitsprofilen for kvart enkelt produkt og blir klistra på emballasjen heilt til slutt i produksjonen.

* Ei mørk stripe beveger seg frå høgre mot venstre. Talet under stripa viser talet på dagar igjen.

* Indikatoren kan resirkulerast med plastavfallet.