«Designvegen» er eit kommune- og fylkesoverbyggande prosjekt som tek mål av seg å skape aktivitetar som kan vere med og utvikle reiselivsbransjen og promotere næringslivet langs fylkesveg 60, frå Aursnes til Stryn.

Prosjektet skal vere eit samarbeid mellom kommunane Sykkylven, Stranda, Stryn, Volda og Hornindal. Sykkylven kommune har gått inn i prosjektet med kr. 830.000,- og Sykkylven handelsforeining med 300.000 kroner. Øvrige samarbeidskommunar er søkt om å støtte prosjektet med 75.000 kroner kvar, fordelt over ein tre-årsperiode. I tillegg har ein søkt fylkeskommunen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane om støtte.

Planen er å tilsette prosjektleiar i full stilling, administrert av Sykkylven Næringsutvikling AS. Styringsgruppa for prosjektet er tenkt vere samansett med representantar frå alle kommunane som er med.

- Etter at den treårige prosjektfasen er over, tek ein sikte på at «Designvegen» kan etablerast som eit eige selskap, står det i søknadsbrevet til kommunane.

I Hornindal stiller administrasjonen seg positive til prosjektet. Dei tilrår at ein går inn med 75.000 kroner, og at denne summen vert gitt i sin heilskap første år.

- Gjennom prosjektet «Ny næring på gamle tufter» vil eit samarbeid med dette prosjektet kunne gje god synergi. Då prosjektet tek mål av seg å «skape aktivitetar som kan vere med å utvikle reiselivsbransjen vidare og promotere næringslivet langs fylkesveg 60 Aursnes til Stryn, med dei positive synergiane dette vil kunne gi,» fell dette rett inn det arbeidet ein no har starta opp, og som ein tenkjer skal utvikle reiselivet i den nye kommunen, heiter det i tilrådinga frå rådmannen. Midlane skal hentast frå det kommunale næringsfondet.

Endeleg avgjerd skal takast i kommunestyret neste veke.