Fair Forlag ved redaktør Madicken Schei planlegg å gi ut ei kunstbok med 36 erotiske folkeeventyr til neste år. Eventyra er samla inn av blant andre Asbjørnsen og Moe og vil bli ført i pennen i moderne språkdrakt av Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk.

No har kjende og ukjende illustratørar mulegheit for å melde seg til teneste.  Kvart eventyr skal ha sin eigen illustratør eller biletkunstnar. Eventyra er henta frå store deler av Norge, og forlaget ønskjer at også den visuelle delen av boka skal gjenspegle dette mangfaldet.

Forlaget går no breitt ut for å oppmode potensielle bidragsytarar om å sende inn arbeidsprøver.

- Dette for å få ein pekepinn om kvaliteten, og om måten ein uttrykker seg på visuelt, vil passe inn i heilskapen til boka. Ein kan med andre ord risikere å få avslag sjølv om ein er aldri så dyktig og anerkjent, dersom til dømes illustrasjonane ligg tett opp til ein eller fleire andre illustratørar som allereie har fått ja, skriv forlaget i ei pressemelding.

Dei kjem også med ei lita åtvaring.

- Dette er i all hovudsak eventyr som blei fortalt som underholdning og skjemt, og dei handla ofte om einfaldige personar, ektepar som ikkje oppførte seg i forhold til vedtekne normer eller om prestar med ei lite kristen åtferd. Reint verbalt blei dei fortalt utan blygsel, så grensa for å bli krenka var atskilleg høgare den gang enn no. Så spesielt blyge illustratørar bør kanskje tenkje seg om to gongar før dei sender inn arbeidsprøver.