Fristen for å klage på eigedomsskatten gjekk ut 12. april. Av totalt 4.700 utsende takstar opplyser Stryn kommune at dei har mottatt 260 klager på den nye taksten, der 123 av dei er knytt til bustad. I tillegg har det vore veldig mange som har vore innom, har ringt og sendt epost med spørsmål knytt til eigedomsskatten.

– Det har vore eit stort trøkk på dette. Vi har ikkje jobba med noko anna sidan 1. mars, seier avdelingsleiar for kart og oppmåling, Anita Myklebust.

– Hadde de venta såpass med klager etter retaksering?

Travelt Avdelingsleiar for kart og oppmåling i Stryn kommune, Anita Myklebust har hatt travle dagar knytt til eigedomsskatt og retaksering. 260 har klaga og kommunen har fått mange telefonar og epostar knytt til ny takst på eigedom Foto: Roger Oldeide

– Det har vore litt som forventa etter å ha snakka med andre kommuner som har vore gjennom ei retaksering etter 10 år. Det er klart at kvadratmeterprisen har auka på ti år, seier Myklebust.

– Kva blir det klaga på, anna enn for høg takst?

– Det er feil i areal på bygg og tomt, feil bygningstype, takst på sel, at eit bygg som ein ikkje eig står på eigedomen og manglar ved eit bygg som ikkje er teke omsyn til, seier Myklebust som informerar at faktiske feil blir handsama av administrasjonen sjølve.

- Klager som kjem inn under skjønsvurdering blir vurdert av sakkunnig nemnd, seier Myklebust som trur handsaming av klagene kan ta tid.

– Vi skal ha to møter med nemnda før ferien så ein del blir nok ikkje avklara før til hausten, seier Myklebust.

– Har informasjonen frå kommunen i forkant vore god nok?

– Eg vil seie vi har gjort vårt beste, seier Myklebust som viser til utsendt informasjon med høve til å vere med på synfaring, samt informasjon på kommunen si heimeside.

– Det er grundig orientert om kva den einskilde eigar kan sjå av vuderingsfaktorar og korleis ein kan kontrollere at det er korrekt, forklarar Myklebust.

Ho fortel at Stryn kommune stadig må ha forklart over telefon dei faktorane som er avgjerande for eigedomsskatten;

– Det er kvar eigedomen ligg, alder, tilstand, marknadsverdi og sonefaktor. Til dømes har Stryn sentrum sone 1 som plassfaktor. Loen har sone 0,8. Dette inneber 20 % lågare takst i Loen for lik eigedom. Sonefaktor går vidare ned ut frå auka avstand til sentrum, forklarar Myklebust.