62 år gamle Mark Allen har ingen planar om å gje seg med basehopping med det første.

Allen kjem frå California i USA og deltok på basehoppkurset som Erlend Fadnes heldt i Loen denne veka.

– Dette er første gong eg er her i Loen. Plassen her er heilt fantastisk, fortel amerikanaren, som har vore basehoppar i 12-13 år. Fallskjermhopping har han halde på med endå lenger, sidan 1976.

– Du har ikkje tenkt å pensjonere deg som basehoppar enno?

– Nei, både eg og kona mi som er 55 år har ingen planar om å avslutte enno, seier den uredde 62-åringen medan han pakkar i hop fallskjermen før han tek skyliften oppatt for eit nytt hopp frå Hoven.

Å pakke ein fallskjerm er ikkje noko ein gjer på fem minutt. Sikkerheita står i høgsetet for hopparane. Foto: Thomas Thaule