Dei fleste bedrifter som startar opp treng eitt eller fleire år før dei klarer å hente overskot frå drifta. Hoven Loen AS, som no er døypt om til Loen Skylift AS, er ikkje eit slikt selskap. Rekneskapen som vart presentert og godkjend i generalforsamlinga torsdag kveld, er truleg den mest solide rekneskapen vi har sett nokon sinne. I løpet av sju og ein halv månaders drift oppnådde Loen Skylift ei omsetjing på 37,2 millionar kroner. Det i seg sjølv er imponerande, og eit resultat av at sjølv dei mest optimistiske budsjetta for besøkstal sprakk – i positiv retning.

Det mest imponerande er likevel driftsresultatet. Å levere eit driftsresultat før finanskostnader på 15,3 millionar kroner av ei omsetjing på 37,2 millionar, gir ein driftsmargin på 41 prosent. Sagt med andre ord: For kvar hundrelapp i omsetjing sat selskapet att med 41 kroner i forteneste. Etter å ha betalt finanskostnadene sine, var det framleis att 11,8 millionar kroner. Og etter å ha betalt bedriftsskatt på 2,2 millionar, vart ordinært årsresultat 9,6 millionar.

Dermed kunne aksjonærane unne seg eit utbyte på heile 7,25 millionar kroner etter første driftsår. Det betyr at aksjonærane fekk att fem prosent av det dei investerte – godt over dobbelt av bankrente.

Om nokon framleis er i tvil om Loen Skylift er såkalla berekraftig, er årsresultatet for 2017 solid prov på at gondolbana og tilboda på fjellet er både turistmaskin og kassasuksess. Gondolbana som tek folk frå fjorden og opp på Hoven 1.000 m.o.h på få minutt, gjer fjellet og naturen tilgjengeleg på ein fantastisk enkel måte. Mange rundt om i landet og verda har framleis ikkje høyrd om Loen Skylift. Difor er det all grunn til å rekne med betydeleg auka besøkstal på Hoven dei neste åra.

Loen Skylift har ein spennande samansetjing av aksjonærar, med alt frå store og små verksemder til sveitsiske Garaventa AG og ikkje minst mange privatpersonar. I fellesskap har desse eit stort ansvar i å utvikle produktet vidare i form av utviding og stadig fornying. Vel vitande om at desse grepa vil auke populariteten, innteninga og utsiktene til framtidige utbyte.

Bengt Flaten

Ansvarleg redaktør