Skule- og kultursjef Hilde Lødøen kunne informere om at Edvard Nordang skal vikariere for avdelingsleiar kultur, Myrtel J. Thomassen fram til sommaren 2019.

- Eg trur eg er sånn nokon lunde til å byggje lag og det vil eg satse på, sa Nordang då han presenterte seg for utvalet. Han kjem frå rådgjevarstilling på skulekontoret.

Kåre B. Alme skal vikariere som kulturhusleiar det komande året, etter at Kari-Ann Kaspersen har søkt permisjon frå stillinga, vidare er Gro Birgit Egset tilsett som ny inspektør ved skulen i Olden.

Kommunen er også på jakt etter ny kulturskulerektor etter at Tom Antonsen har sagt frå seg stillinga.

Lødøen kunne elles fortelje at ein er godt i rute når det gjeld tilsetjingar til neste skule- og barnehageår.