Plan og næringssjefen innleia møtet med å legge til grunn Stryn sine utfordringar med avgrensa næringsareal og pågang frå aktørar som ønskjer å etablere seg. Arealutnytting og korleis Stryn sentrum bør utviklast til å bli både attraktivt og berekraftig var tema.

Byggje høgt Plan- og Næringssjef Geirmund Dvergsdal viste sentrum med eigedomar og talet på etasjar som ligg i dagens kommuneplan. Høge bygg i sentrum kan det bli fleire av. Foto: Roger Oldeide

Innleigd trendekspert og føredragshaldar Ståle Økland, sa litt om handelstrendane og korleis dei kan spele inn på sentrumsutvikling. Han meinte det første ein kunne gjere noko med i Stryn er opningstidene.

– Kven har tid å handle sko før klokka fem? Om de ikkje gjer noko med opningstidene så vil Stryn bli som Sarpsborg. Har de vore i Sarpsborg? spurde Økland til latter i salen.

– Sentrum blir meir enn handel

Økland la til grunn at folk trekkjer til seg folk og at det er handel og arbeidsplassar som legg grunnlaget for all vekst. Økland viste til aukande grad av netthandel og at alt skal skje raskt, eller «speed greed» som Økland kalla det.

Trendekspert Ståle Økland sa mellom litt om trendane innan handel. Han meinte og Stryn burde gjerne noko med opningstidene sine Foto: Roger Oldeide

– Netthandelen aukar med 17 prosent i året. Det vil bli færre butikkar og kjøpesenter, sa Økland som viste til eit scenario anno 2030 som spår 20 prosent færre butikkar enn i dag.

– Bysentrum som lukkast med omstilling blir vinnarane, sa Økland som meinte at i Stryn må ein tenkje på kvifor folk kjem nettopp til Stryn. Han meinte det i større grad kan utnyttast at Stryn har flyplass under ein time unna.

Ope møte Om lag 70 personar hadde møtt fram til ope møte om sentrumsutvikling i Stryn onsdag kveld. Arrangøren meinte det gjerne kunne ha kome fleire. Foto: Roger Oldeide

– Sentrum kunne trengt eit konferansehotell, sa Økland.

Han meinte at Stryn bør tenkje på å bygge høgare og tettare for å halde sentrum kompakt og legge til rette for meir handel av opplevingar.

– Det er ikkje nok berre å stille ut varene. Historisk suksess er ingen garanti for framtidig suksess. Eg trur Stryn er inne i ei brytningstid der de må ta nokre viktige val og de bør ta omstillinga no, sa han.

Flogården Det vart råda til å byggje i høgden for eit kompakt sentrum. Flogården er eit døme på kva slags type bygg det kan bli meir av i Stryn sentrum med både leilegheiter og næringslokale Foto: Roger Oldeide

– Viktig med eldsjeler

Forfattar og rådgjevar i Distriktssenteret, Geir Lyngaas var den andre innleigde kompetansen. Han la vekt på betydninga av eldsjeler og kva dei kan bety for eit levande sentrum.

Han meinte og at dugnadsinnsatsen i eit lokalsamfunn og evna til å danne den, er viktig for å lukkast. Han viste til både Sortland, Bø i Telemark og Ringebu som stadar som har lukkast.

Elsdsjeler Forfattar og rådgjevar i Distriktssenteret, Geir Lyngaas la vekt på kva eldsjeler betyr for sentrumsutvikling Foto: Roger Oldeide

– Ikkje berre skapar dei samhald, men arbeidet folk legg ned gir eigarskap til staden, poengterte Lyngaas.

Sjølv om møtet ikkje hadde særleg grad av debatt og ordveksling, var det mange som fann møtet inspirerande.

– Eg trur det blir viktig å skaffe aktivitetar som trekk familiar inn til sentrum og eg trur samarbeid blir veldig viktig. Det er viktig at ein ikkje spelar solo i utvikling av Per Bolstad plass, seier Jens Isehaug.

Skal få ballen til å rulle snarast

– Kva meiner du sentrum manglar, Kåre Tonning?

– Eg meiner framleis at sentrum treng utandørs symjebasseng. Eit døme på oppleving som ville ha trekt folk, seier Tonning.

Birger Flo synest foredraget hadde viktige poeng.

Vil ha utandørs basseng Kåre Tonning meiner Stryn sentrum treng utandørs symjebasseng Foto: Roger Oldeide

– Eg meiner vi må dyrke det Stryn er gode på og det er vertskapsrolla og servicen. Eg er overbevist om at samarbeidet mellom kommune og brukarar av Per Bolstad-plass er avgjerande for at vi skal lukkast, seier Birger Flo.

Stryneordførar Sven Flo (H) lovar politisk satsing på sentrumsutviklinga.

– Handelstrendane var interessante og her har vi litt å ta tak i saman med grunneigarane. Ballen må begynne å rulle, sa stryneordføraren.