Det var Stortinget som vedtok å innføre ei prøveordning med oppstartsrettleiing for medisinbruk, med start no i mai. ​​Tenesta, som vert kalla «Medisinstart», er særleg retta mot pasientar med hjarte- og karsjukdommar som skal starte med perorale (medisin som skal takast gjennom munnen) blodfortynnande legemiddel, blodtrykksenkande og/eller kolesterolsenkande legemiddel. Målet er å gje pasienten betre kunnskap om korleis legemiddel skal brukast, skape auka tryggleik og dermed også motivasjon til å følgje behandlinga. Pasienten sin lege kan rekvirere oppstartsrettleiing til sin pasient, men pasienten kan også sjølv som ei prøveordning be om tenesta i sitt apotek, opplyser Helsedirektoratet.

Det er berre farmasøytar med opplæring i tråd med Apotekerforeningens bransjestandard som kan utføre «Medisinstart». I Stryn har alle farmasøytane fått denne opplæringa.