Politiet i Stryn lovar å kome tilbake til Innvik for fleire trafikkontrollar etter fredagens morgonkontroll på skuleveg.

- Vi observerte fleire lovbrot enn vi rakk å stoppe. Likevel skreiv vi ut to forenkla førelegg for manglande sikring av barn i bil. I den eine bilen sat to barn usikra. Vi skreiv og førelegg til ein sjåfør som ikkje brukte bilbelte sjølv og eitt til ein som prata i mobiltelefon. Sjølv om tal førelegg ikkje er veldig høgt, er det likevel høgt i høve til trafikken, seier politibetjent Eirik Krossen.