Hornindal kommune krev klart svar på om Sogn og Fjordane fylkeskommune vil fullføre arbeidet med reguleringsplanen fylkesveg 60 Tomasgard - Røyrhus bru. Alternativet er at kommunen  får med seg private i eit spleiselag som ferdigstiller planen, slik at alt er klart dersom det kjem ekstra investeringsmidlar anten det vere som fylkesveg, riksveg eller vedlikehald.

- Eg har sendt eit brev der eg ber hovudutval for samferdsle ta dette opp som orienteringssak på møtet 23. september, og krev rask tilbakemelding. Viss fylkeskommunen står fast på at dei ikkje vil fullføre reguleringsplanen, går vi andre vegar. For dette er ei sak som må løysast, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård.

18. august var fylkesutvalet i Sogn og Fjordane på synfaring i Hornindal. Der fekk dei høyre kor viktig denne vegen er for folk og næringsliv på begge sider av fylkesgrensa. På møtet 2. september fatta samferdsletuvalet i Møre og Romsdal fylgjande vedtak:

1. Samferdsleutvalet ber om at det blir tatt eit initiativ til eit dialogmøte med Sogn og Fjordane fylkeskommune om tilhøva på fv 60.

2. Samferdsleutvalet ber fylkesrådmannen invitere Sogn og Fjordane fylkeskommune til eit samarbeid om det vidare reguleringsarbeidet på strekinga fv 60 Grodås - Tronstad.

3. Samferdsleutvalet ber om ei eiga sak angåande muleg omklassifisering av aktuelle fylkesvegaar i Møre og Romsdal. Det skal i saka vurderast fordeler og ulemper for fylkeskommunen.