Før var rare poteter, store eple og snodige gulrøter fast takst på hausten i einkvar avisredaksjon. No har det blitt lengre mellom desse spennande representantane for markens grøde. Men det hender dei dukkar opp.  Eplet på bildet veg heile 627 gram, noko som må vere litt av ein rekord. Eplet er av sorten Raud Aroma og er plukka hos Eivind Rake på Rake, fortel Atle Rake.

Har du sett maken til stort eple? Eller har du poteter, gulrøter eller andre vekster som imponerer med storleik eller fasong? Send bildet ditt til oss på 40402140 eller redaksjon@fjordingen.no