Aldaheim i Olden vil bli presentert som «suksesshistorie 2014» under ein stor kulturbygg-konferanse i Fjærland i november.

Huset i bygda arrangerer konferansen saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

- Olden ungdomslag arbeider for å skape meiningsfull aktivitet og magiske augenblink i Aldaheim. Deltakarane vil få vite meir om dei store planane deira om utvikling av bygget. Bygdehuset i Olden er eit ypparleg døme på eit lokalt kulturbygg som satsar og tilbyr spennande arrangement, seier prosjektleiar Ingunn Nydal i Huset i Bygda.

Konferansen er ei satsing på å få kulturbygga fylket endå meir på bana. Her skal ein blant anna informere om utvikling av bygga gjennom spelemidlar til ombygging, modernisering og universell utforming.

- Sogn og Fjordane Ungdomslag står bak satsinga Huset i bygda. Vi arbeider for å støtte og utvikle kulturbygga i fylket. Kulturbyggkonferansen er eit tilbod til dei som er engasjert i samfunnshus, bygdehus, grendehus, ungdomshus og andre organisasjonseigde kulturbygg. Kulturbyggkonferansen 2014 gir inspirasjon, kompetanseheving og informasjon til eldsjelene bak desse bygga, seier Nyheim i eit presseskriv.

Eit lite knippe av Olden Ungdomslag sin glade klubbe-dugnadsgjeng: Framme f.v. Bjørg Løken, Gerd Brynestad og Anne Karin Melheim. Bak f.v. Jim Sunde, Jens Helgheim, Åsta Edel Fredheim, Ingfrid Dårflot, Reidun Brynestad og Daniel Brynestad. Foto: Jogeir Agjeld