Erlend Drivenes frå Tørvikbygd er løparen som klarte å slette den 20 år gamle rekorden til Roar Hjelmeset i motbakkeløpet Kleiva Opp. Søndag sprang han dei 7 kilometrane frå kaia på Hopland til toppen av Nosakleiva på imponerande 31.05 -i overkant halvminuttet raskare enn den gamle rekorden.

- Ny løyperekord er bra, på tide å slå den tjue år gamle rekorden, saDrivenes som spring i klassen 20-34 år. Han kom i mål minuttet føre ein tidlegare verdsmeister i langrenn, og bror til den tidlegare løyperekordhaldaren, nemleg Odd- Bjørn Hjelmeset. Vetle Thyli kapra tredjeplassen.