Stryn tapte 1-3 mot botnlaget Larsnes/ Gursken i helga. Men nesten like stor irritasjon som tapet skapte ei utvising i kampen.

- Justinas fekk først eit gult kort for ei takling. Så gjekk han bort til dommaren og viste tommelen opp og sa " I understand". Dommaren reagerte så med å gi han det raude kortet. Det er ein klar skilnad på på tommel og langefinger, som dommaren tydelegvis trudde det var, seier oppmann Svein Arne Gotteberg.

- Eg er overtydd om at dette gjorde at vi kom i ubalanse. Eit så feilaktig idømd raudt kort har eg ikkje vore vitne til tidlegare, seier strynetrenar Dagmund Evebø.

Dommaren ønska ikkje gi nokon kommentar til avisa om hendinga.