16. oktober er den nasjonale refleksdagen. Ein flott dag å hjelpe born og unge til å bli meir synlege i trafikken, tenkte Ragnvald Flåten i Flåten Termotransport og Andre Opheim i Bunnpris i Olden. Dei er begge opptekne av trafikktryggleik og ikkje minst at borna som er ute i mørkret skal vere synlege. Difor gjekk dei til innkjøp av refleksvestar som dei overleverte barnehagen i Olden.

- Det vart vestar til dei 50 borna, med håp om at dei lærer seg å bruke refleks. Slike vaner er viktige å få inn i ung alder, seier Flåten og Opheim.

Og minner om alle påkøyrsler som har vore av fotgjengarar, rulleskiløparar og andre dei siste åra.

- I mange tilfelle viser det seg at bilistane ikkkje har sett dei mjuke trafikantane fordi dei har vore mørkkledde og ikkje brukt refleks. Mange av oss som køyrer bil har hatt den fryktelege opplevinga av nesten å ha køyrd på ein mørkkledd fotgjengar. Håpet er at vårt lille bidrag kan føre til auka trafikktryggleik for dei aller yngste, seier Opheim og Flåten.

Jaaaaau, seier Andre Opheim, og kvitterer med eit lite dikt: "Sponsorar ifrå transporten og maten, og ein god artikkel frå Bengt Flaten"