I kveld spelar Stryn sine nyopprykka damer i 2. divisjon heimekamp mot Fyllingen. Mellom gultrøyene frå Bergen finn ein også tidlegare strynespelar Ingrid Flo.

- Eg trur det blir spennande. Stryn er nyopprykka, og trenarane har lite informasjon om spelestilen - i alle fall i høve mange av dei andre laga vi møter, seier Flo.

- Nokon spesielle spelarar du har tipsa trenaren din om?

- Nei, ikkje førebels i alle fall. Men visst eg skal trekke fram nokon må det vere Lone Vik. Ho får tak i dei fleste ballar framover med både høgre og venstre hand, og spelar bra bakover, rosar den tidlegare lagveninna.

Fyllingen ligg før helgas kamp på 5. plass på tabellen, medan Stryn ligg på 9. plass. Men det er ulikt kor mange kampar laga har spela så langt. Førde som toppar tabellen har spela fire kampar, medan Stryn berre har spela to.