Mattilsynet har måtte avvikle drifta ved to gardar i Nordfjord. Årsaka er vanskjøtsel av dyr.

På den eine garden måtte Mattilsynet slakte 20 dyr på grunn av svikt i dyrestellet.

På den andre garden måtte ein slakte 50 dyr på grunn av avmagring. Denne saka er meldt til politiet.

- Kor alvorleg ser Mattilsynet på denne saka?

- Det ligg i saka si natur at når vi går til det steget å melde saka til politiet, er dette svært alvorleg. Det er ikkje ofte vi må gjere det. Dette går langt over grensa, og står ikkje i forhold til bestemmelsane i Dyrevernlova. Desse dyra har lidd, seier Are Natland Bøe, distriktssjef i Mattilsynet ved distriktskontoret i Nordfjord.

Dei to gardbrukarane i Nordfjord har fått pålegg om å betre dyrevelferda i mange år. Vedtaket om tvangsavvikling vart teke etter at pålegga frå Mattilsynet ikkje har blitt følgde opp.