Politiet i Stryn og Eid bistod i ettermiddag og kveld Ålesundspolitiet etter at ein mann vart funnen død i ein bustad i Ålesund tysdag ettermiddag. Politiet karakteriserer dødsfallet som mistenkeleg. Væpna polititenestemenn stogga alle bilar som kom vest og nordfrå inn til Kjøs bru.

Ved politiet sin operasjonssentral i Ålesund får Fjordingen stadfesta at kontrollen på Kjøs bru vart sett i verk for å sjekke trafikk sørover frå Sunnmøre. Aksjonen vart avblåst ved 20.30-tida då politiet hadde gått til pågriping av tre mistenkte personar i ein bustad i Ålesund.