NVE har utstedt flaumvarsel, gjeldande frå søndag, på grunn avforventa store nedbørsmengder.

Bakken er mange stader vassmetta og det er allereie høg vassføringi einskilde vassdrag. Det er også sendt ut varsel om jordskredfare,gult nivå, for Sogn og Fjordane.

- Vi tilrår at kommunane vurderer omvarselet gir grunn for å ta kontakt med politiet lokalt. Det kan mellom anna vere for å utveklsekontaktinformasjon, og for å gjere ei felles vurdering av om det eraktuelt med førebyggande eller skadereduserande tiltak, uttalar Eline Orheim, rådgjevar for beredskap hos Fylkesmannen.