Med tanken om at alle skal få prøve ulike treningsformer og bli inspirerte til å ta vare på helsa si, inviterte ei gruppe trenarar til ein heil dag med trening i Hallen i Innvik.

Responsen var kjempestor. Frå tidleg på morgonen var hallen fylt av folk som ville prøve ulike treningskonsept, og ut over dagen kom stadig nye til. - Full rulle! seier Gunn-Bente Skåden, initiativtakar, som sjølv avsluttar treningsdagen med avspenning og meditasjon siste time på kvelden.