Ikkje før har Loen sitt gutelag sikra seg KM- tittelen, så er småguttelaget klare for finalespel mot Syril. Loen vann si avdeling med tre poeng føre Tambarskjelvar. Dette vart endeleg klart etter at siste seriekampen vart spela måndag kveld.

Loen startar med bortekamp i morgon, før den avgjerande kampen blir spela heime søndag. Den kampen kan bli flytta til Innvik grunna banetilhøva.

Fleire av dei ferske KM- vinnarane frå gutelaget spelar også på småguttelaget til Loen, og kan såleis oppleve å blir doble krinsmeistrar denne sesongen.