Tysdag ettermiddag, på veg frå KS- møte i Loen og til flyplassen, inviterte Bjørn Lødemel kollegaene i  kommunalkomiteen på "heimebesøk" i kommunehuset Smia. Ein rask stopp dei sette pris på.

- Ja, det var fyr på peisen og rett og slett koseleg. Dei var imponert over huset, smiler Bjørn Lødemel.

Han trur det må vere første gongen at kommunalkomiteen har vore på besøk, og tykkjer det var kjekt å kunne vise fram litt av sin heimstad.

- Det er jo kollegaene mine. Eg fortalde litt om kommunen på veg i bussen, og dei fekk helse på ordføraren, seier Lødemel.