Ein rekordlang turistsesong vart i dag avslutta i Briksdalen med besøk frå cruiseskipet Marco Polo. Dei engelske turistane fylde opp det som var av bilar.

- Vi hadde alle dei tolv trollbilane i drift. På grunn av utbetring av vegen til Briksdalsbreen, køyrde vii to etapper,først opp til tredje svingen der arbeidet pågår. Der måtte dei gåtrappa opp til fjerde sving, før dei igjen kunne sette seg itrollbilane og bli frakta videre innover, fortel Bjarte Haugen.

No blir trollbilane parkert for sesongen.

- Aldri før har vi frakta så mykje folk tilBriksdalsbreen i oktober månad, men no er det slutt for i år, seier leiaren for skysslaget.