Den nybakte norgesmeisteren innan yrkessjåførfaget, Asgeir Flåten (19) frå Olden, fekk hakeslepp eit lite øyeblikk laurdag, då onkelen og sjefen, Ragnvald Flåten, kom med gladnyheita.

- Eg har tinga ein ny bil som du skal få disponere. Den kjem om eit par veker.

Andletsuttrykket talte sitt. Dette kom uventa på unge Flåten, som for få dagar sidan gjekk heilt til topps i Yrkes- NM.

- Nei, dette var eg ikkje klar over, seier Asgeir, og legg til.

- Dette gir berre endå meir motivasjon.

Ragnvald Flåten tykkjer det er kjekt å kunne påskjønne den dyktige lærlingen.

- Eg nemnde vel at han skulle få seg ny bil visst han gjorde det bra, seier eigaren av Flåten Termotransport. Og den framskunda julegåva er ikkje gratis.

- Bil med hengar kjem nok på ein stad mellom 1,8 og 1,9 millionar, seier Flåten.

- Han visste vel om at ein ny bil var på veg inn i firmaet, men at den skulle bli hans var han ikkje klar over, smiler onkelen, som er stolt av prestasjonen.

- Det er veldig kjekt for firmaet, og positivt for rekrutteringa til skulen. Vi treng litt blest i ein bransje som slit med rekrutteringa.