Eit fullssett Stryn kulturhus fekk i helga sjå Linda Gytri og Sigrid Moldestad opptre ilag for første gong.

- I grunnen rart vi ikkje har spela ilag før. Vi har delteke kvar for oss på same scene tidlegare, men aldri spela ilag, sa Moldestad etter konserten.

Og Moldestad var svært nøgd med innsatsen til Gytri, som ho elles titulerer som "vår eiga trekkspeldronning".

- Ho har ein fin måte å vere på, og spelar så varmt og musikalsk at det er ein fryd, seier ho, etter ein konsert som måtte avsluttast med tre ekstranummer før publikum ville forlate salen.