Hovudutval for kultur bestemte tysdag at årets fylkeskulturprisgår til bondekone, husstellærar og kokebokforfattar KariStøfringsdal.

I grunngjevinga frå hovudutvalet heiter det mellom anna atStøfringsdal har vore ei av drivkreftene til å bygge oppFjordamattunet heime på garden Støfringsdal i Jølster. I lokalainviterer ho til kurs i pizza og småbakst, brødbaking, julemat oghellebakst.

Støfringsdal hari samarbeid med andre gjeve ut kokebøkene «Fjordamat»og «Ta kaka.». I tillegg har ho hatt ei rad verv bådeinnan landbruket og i lokalpolitikken. Ho vert òg mykje brukt somkurs- og foredragshaldar om tradisjonsmat.

Prisener ein diplom og ein sum på 50.000 kroner som vert delt ut påfylkestinget, 9. desember.