Statens vegvesen har gjennomført fleire målretta tiltak for å redusere hjortepåkøyrsler langs riksvegnettet i Sogn og Fjordane dei siste åra, og no er effekten av tiltaka målt.

Evalueringa er ein del av ein fagrapport publisert av Norsk Hjortesenter. Analysane i rapporten syner at tre av dei fem avbøtande tiltaka som blei gjennomført i perioden 2009-2013 var effektive, skriv Norsk Hjortesenter på sine nettsider.-Totalt sett sparte tiltaka omlag 17 hjorteliv årleg og 51 hjort for perioden totalt, fortel Stein Joar Hegland, ved hjortesenteret.

- Det blei brukt 2.3 millionar på tiltaka, men likevel var alt dette spart inn i løpet av perioden og tiltaka har vist seg svært lønsame i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, konkluderer forskingsleiaren.Ei siktrydding ved Brandsøy i Florø blei gjennomført i 2009 og har årleg spart fire hjorteliv. Kostnadane ved denne siktryddinga, som er rydding av tre og buskas opptil 7-8 meter frå vegkanten, var liten og tent inn att i løpet av same året. Rapporten analyserer også samansetninga av vegetasjon langs alle dei viktigaste påkøyrsleområda i fylket og analysane viser tydeleg at di meir open vegkanten og området rundt vegen er jo færre påkøyrsler. Rapporten viser også at vegar som har skog på oppsida av vegen og innmark på nedsida av vegen har fleire påkøyrsler enn vegar som ikkje har denne samansetninga av landskapet.På Ljøsne i Lærdal og Mannhellervegen i Kaupanger vart det sett opp viltgjerder som forlenging av eksisterande gjerder slik at ein fekk endra kryssingspunkta langs vegen for hjorten. Dette var ganske dyre tiltak, men begge tiltaka var svært effektive og blei, ifølgje rapporten, rekna som innspara i løpet av maksimum tre år. I tillegg har rapporten sett på verknaden av tradisjonell fareskilting og fartsreduksjon frå 80 til 70 km/t på hjortepåkøyrsler. Rapporten konkluderer med at ingen av desse tiltaka har effekt, men at ein kan vurdere dynamiske skilt som varslar ved auka påkøyrslefare og fartsreduksjon til 60 km/t.