Ungdomsrådet i Stryn oppfordrar nok ein gong politikarane om å gjeninnføre stillinga som ungdomskontakt. Men så langt har ikkje skule- og kulturutvalet prioritert denne stillinga i budsjettet.

- Eg synest det er dumt. Utan ungdomskontakt manglar ein eit bindeledd mellom ungdomen og til dei som styrer. Ting stoppar ofte litt opp, fordi vi manglar eit slik viktig bindeledd, seier Miriam Flo, nestleiar i ungdomsrådet.

Ordførar Sven Flo lovar på si side å følge dette opp.

- Saka vil bli fulgt opp i dei vidare budsjettdiskusjonane. Eg har også sett på mulegheitene for å kombinere denne halve stillinga med eventuelt andre stillingar, seier han.