Fleire skular melder om rykter og sladder på sosiale medier gjennom anonyme overhørt-sider. Desse sidene har spreidd seg over heile landet siste tida, særleg på vidaregåande og høgskular. Konseptet er å publisere rykte, morsomme eller rare sitat ein høyrer i kvardagen. Anonyme elevar legg dette ut på Facebook.

- Det er spesielt i videregåande skular og i høgare utdanningsinstitusjonar denne trenden er utbreidd, men også på ungdomsskular, seier rådgiver Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten, som gjev gode råd om barn og medier.

- Mange elevar oppfattar desse sidene som digital mobbing og sjikanering. Her handlar det om å skape auka bevisstheit og haldningar, meiner Barnevakten.

Den siste månaden har det vore ei rekke medieoppslag som fortel om grov mobbing og sjikanering gjennom denne typen Facebook-sider. I nokre av tilfella vart sakene meldt til politiet. I dei fleste tilfella der grov mobbing fann stad, og skuleleiinga greip inn, vart sidene fjerna innan kort tid.