Kristine Rake frå Rake i Loen, som er lærling på Ekornes si avdelingpå Grodås, er utteken til det Danske mesterskapet isnikkarfaget.

Ho er utteken med bakgrunn i dei arbeida ho har gjortpå skulen, deltaking i Ungdomens kulturmønstring med eitmøbelprosjekt, og elles dei lærlingeprosjekta ho har hatt ved bedrifta i Hornindal.

-Ekornes vart kontakta for å stille meddeltakarar i den norske meisterskapen i november, men vi meldte tilbake at konkurransen var forhandverksmessig i forhold til vårt industrisnikkarfag, og denkompetansen vi gir våre lærlingar. Frå arrangørane fekk vi såtilbakemelding om at danskane gjerne ville ha med ein norsk utøvartil sin konkurranse som er av meir industriell karakter, opplyser fabrikksjef ved Ekornes Grodås, Knut Ove Rygg.

Det «Danske mesterskap i Skills 2015» blir arrangert i Bella Centeri København 8. – 10. januar. Det vert konkurrert i 50 fag og det er302 deltakarar. Det er venta 50 000 besøkande til arrangementet.