Siste publiserte tal fråUtdanningsdirektoratet viser at Sogn og Fjordane er gode pågjennomføring og viser ei positiv utvikling på gjennomføringa avyrkesfag. Dette kjem fram i ei pressemelding frå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

I Sogn og Fjordane gjennomfører 76,7 prosent vidaregåandeopplæring på normert tid. Tala viser at i dei studieførebuandeutdanningsprogramma er det 90 prosent som gjennomfører, medan i deiyrkesfaglege utdanningsprogramma er gjennomføringa 64,7 prosent.Landssnittet er 70,6 prosent samla sett, med 86,4 prosent på dei studieførebuande og 57,5 prosent på yrkesfag.

Sissel Espe, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, legg vekt på viktigheita av å få ungdomen til å fullføregrunnopplæringa.

- Å få ungdom til å gjennomføre vidaregåandeopplæring er den viktigaste jobben til alle som arbeider med elevarog lærlingar i grunnopplæringa, seier ho.

I fylket vel om lag 50prosent yrkesfagleg utdanningsprogram. Her lykkast ein i mindregrad med å få ungdomen til å gjennomføre. Likevel ser ein eipositiv utvikling.

- 81 prosent av dei som gjekk ut av vg2 yrkesfagi våren 2014, hadde fullført og bestått. Det er særs gode resultatå byggje vidare på, seier Espe.

Espe konkluderer med at Sogn og Fjordane kan vise tilgode resultat, men har framleis alt for mange ungdomar ialdersgruppa mellom 16 og 24 år som korkje er i utdanning eller iarbeid.

- Vi må vere tette på elevane og lærlingane. Godsamhandling mellom alle involverte partar er stikkorda for aukagjennomføring, seier ho.