I dag går skiskyttarherrane laus på den siste verdscuphelga før nyttår, det skjer i slovenske Pokljuka. Vi er sjølvsagt ekstra spente på om Johannes Thingnes Bø kan følge opp dei gode prestasjonane frå førre helg, der det vart siger og fjerdeplass på henhaldsvis sprinten og jaktstarten. Også storebror Tarjei viste stigande form med to flotte 6.plassar i Hochfilzen.

I ettermiddag skal det gåast sprint, laurdag er det jaktstart og søndag vert helga avslutta med fellesstart.