Eit danskregisterrt vogntog skapte trøbbel på rv 15 i Svarstadsvingane fredag føremiddag. Midt oppe i bakken vart det full stopp, og politiet måtte reise ut for å dirigere trafikken medan sjåføren fekk sett på kjettingar.

- Vi stopper trafikken når dett kjem vogntog den eine eller andre vegen, slik at det ikkje vert full kork, seier politibetjent Tor Egedahl.

Det kraftige snøveret skaper vanskelege køyreforhold i indre Nordfjord og politiet oppmodar trafikantane om å køyre forsiktig.

- Onsdag var vi på Skåre i Oppstryn der vi måtte gje køyreforbod til ein polsk trailer som hadde feil kjettingar som dessutan var for dårlege. Sjåføren fekk ikkje køyre vidare før han hadde skaffa skikkelege kjettingar. På dette føret vi har no er kjettingar obligatorisk i bakkane. Største problema ser vi i Svarstadsvingane og oppstiginga på Strynefjellsvegen, seier Egedahl.