Både Olden Ungdomslag og Oppstryn IL var mellom organisasjonane som vart tildelt støtte frå Gjensidigestiftinga denne veka. Olden UL fekk 220.000 kroner til Aldaheimparken, som er eit uteområde ved ungdomshuset Aldaheim.

Også i Oppstryn kunne dei juble over betydelege stønadskroner. Der var tildelinga på 145.000 kroner til sykkel- og skatebaserte aktivitetar.