I dag opna skitrekket i Stryn, og allereie frå start var det bra med folk på plass for å teste forholda. Opning før jul og gode snøtilhøve er ein litt annan situasjon enn i fjor. Då vart sesongen redusert til vel 10 driftsdagar. Før nyttår har truleg skisenteret på Bøanedsætra nådd det talet.

To av dei som hadde funne vegen til skisenteret, var Even Hjelle Guddal og Robin Midbøe.

-Ja, det var fine forhold, kunne Hjelle Guddal slå fast etter ein halv runde i trekket. Ein midlertidig stopp av heisen gjorde at første turen vart noko amputert. I går varma han opp med tur på Strandafjellet, men med fine tilhøve heime i Stryn ser han ikkje grunn til å reise langt for å bruke snøbrettet. I fjor vart det veldig langt for å finne snø, då budde han praktisk talt i Alpane vinterstid.

- Eg jobbar på sjøen, så kvar friperiode reiste eg til St. Anton og stod på ski. Eg var vel knapt heime i Stryn. Det var ikkje så veldig mykje snø der heller, men i alle fall meir enn her, smiler han, og vender nasen mot heisen for ny tur.