Stryn Vinterski opna trekket i går føremiddag. Men det vart ein kortvarig seanse. Det sytte ein sviktande motordel til 3-400 kroner for.

- Det var eit hjullager som rauk etter berre kort tid. Den har med bremsemotoren til heisen å gjere, fortel dagleg leiar Kåre Tonning.

Dei fekk først tak i ein uoriginal del som vart gjort eit forsøk med, men det gjekk berre ei lita stund.

- Svært skuffa

Han innrømmer at det var eit hardt slag i andletet, at utstyret skulle svikte no som endeleg snøforholda var på plass.

-Eg var nok endå meir skuffa enn gjestane i trekket. Heldigvis var det lite sure miner og folk viste forståing for at dette ikkje var noko vi kunne gjort så mykje annleis, seier Tonning.

Og han ser atskilleg lysare på livet i dag.

- Det vart ringt telefonar til langt på natt. Delen er på veg med buss frå Bergen og er på plass i kveld. Det er ein forholdsvis stor skrue-jobb som står att, men vi håpar å kunne opne att i morgon, måndag, seier Tonning.

Mykje snø i Steindalen

Han opplyser elles at snøforholda er så gode i Steindalen at det truleg berre er dagar som står att før opning også der.

- Kanskje i romjula, men no konsenterer vi oss først om å få hovudtraseen opp å gå.