Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt Hornindal kommune varsel om at det blir starta tilsynssak som gjeld tillhøva ved Hornindal omsorgssenter. Dette på bakgrunn av oppslag i NRK Sogn og Fjordane 7. og 8. januar 2015.

- I følgje NRK brukar kommunen eit bad ved omsorgssenteret til pasientrom. Badet er ikkje tilrettelagt for behandling og omsorg av sjuke pasientar. Badet har vore brukt til pasientrom det siste året. Det gjekk også fram at ein pasient hadde hatt opphald på rommet  i ein månad. Ut frå opplysningane som går fram i media har vi funne grunnlag til å starte tilsynssak, opplyser fylkesmannen i brevet til kommunen. Der dei får frist til 5. februar med å utgreie fylgjande: Oversikt over tal plassar/rom som er tilrettelagt for pasientbehandling, oversikt over pasientgrunnlag frå 1.1.14 til dags dato, oversikt overbelegg i same tidsrom, kor mange pasientar som har blitt plassert på baderommet, på korridor, opphaldstove eller andre rom som ikkje er tilrettelagt for pasientbehandling og omsorg frå 1.1.14 til dags dato, lengd på opphalda samt kva pasientgrupper dette gjeld, rutinar og praksis for innskriving av pasientar ved omsorgssenteret, dokumentasjon som syner eventuell gjennomgang/evalueringar/intern revisjon om er gjort i høve til drifta av institusjonen, kopi av eventuelle klager frå pasientar/pårørande og avviksmeldingar siste året, ansvarleg leiar si vurdering av verksemda det siste året, mellom anna pleietyngde, overbelegg, personelllsituasjonen og bemanningsbehovet.