Ordførarar og næringslivsfolk frå indre Nordfjord, søre og indre Sunnmøre, er saman med selskapet Gode Vegar i gang med å byggje endå sterkare allianse for å poengtere rv 15 Strynefjellsvegen som deira viktigaste samband. Torsdag møttest kommunale toppolitikarar og næringslivsfolk i Volda til eit arbeidsmøte i regi av Gode Vegar, etter at Statens vegvesen for to dagar sidan overleverte ei utgreiing til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen som peikar på Haukeli og Hemsedal som dei to hovudferdselsårene mellom Aust- og Vestlandet.

- Strynefjellsvegen har aldri vore hovudferdselsåre mellom aust og vest, så dei signal som kom om status for dei to fjellovergangane sør for oss, kan ikkje bety nedprioritering av Strynefjellsvegen. Strynefjellsvegen er eit svært viktig samband for eit område av landet med stor verdiskaping og stort transportbehov. Difor er det viktig med alliansebygging for å poengtere at bygging av ny tunnelløysing for Strynefjellsvegen må kome, uavhengig av kva som skjer på Hemsedalsfjellet, seier Sven Flo, ordførar i Stryn.

Han kom tilbake frå møtet i Volda med klar oppfatning om at indre Nordfjord, søre- og indre Sunnmøre står saman og jobbar hardt for å få Strynefjellsvegen i snarleg posisjon for rassikring.

- På bakgrunn av møtet torsdag vil vi formalisere eit samarbeid mellom alle aktørar, og stå samla, seier Flo.