Klokkespelet frå tårnet på aldersheimen har gjennom generasjonar vore ein viktig del av 17. mai-feiringa i Stryn. - Kva skjer med klokkespelet no når bygget vert rive? Spørsmålet kom like etter at Fjordingen hadde presentet bilde frå rivinga av bygningen frå 1957.

- Ja, kva skjer med klokkespelet, ordførar Sven Flo?

- Det vart nedmontert, skikkeleg lagra og er klart for oppsetjing når som helst.

- Kva blir den ny lokaliteten for klokkespelet i Stryn sentrum?

- Det har ikkje vi ikkje teke stillilng til endå.  Men kanskje Fjordingen kan utfordre lesarane til å kome med gode forslag, spør Sven Flo.

Adressa for forslag til plassering av klokkespelet i Stryn blir dermed redaksjon@fjordingen.no